Dusj i Otrahallen

Dersom du køyrer 5 km frå skyttercampen kan du gjennom heile døgnet nytte flott dusjanlegg i Otrahallen. Tilbodet gjeld begge kjønn innan alle aldre! Du køyrer ut til RV-9 og tek til venstre mot Kristiansand. Etter eit par km kjem du til ei rundkøyring kor du tek til høgre (skilta til Otrahallen). Etter omkring 500 meter følgjer du igjen skilting til høgre til Otrahallen – og vipps du er framme! Du finn og kart i artikkelen.