Pressemiddagen

Pressemidag – ein triveleg kveld for tilreisande bladfykar

Søndag 04. august ynskjer med å take med oss eit fulltallig pressekorps på sosialt samvær, god mat – og godt drikke i gruvegangen under Setesdal Mineralpark.
Her, langt under bakkenivå, vil me servere spekemat, flatbrød og stuttreist rjomegraut. Vår lokale trubadur Vidar Frøysnes vil underhalde med ord og tonar. Skjemt og alvor.
Køyreturen frå Evjemoen – til Mineralparken tek omlag fem minutt. Pressetreffet vert skipa til i eit samarbeid med DFS – og me vil syte for at moderne rutebilar vil frakte gjestane våre trygt fram – og attende. Båe vegar.
Hugs å melde deg på.