Skyttar –  tannlege – humørspreiar

Tannlege Gunstein Skomedal  er kjent av mange  i Evje og Hornnes, ja i heile Setesdal. Og som skyttar på lokal-, regional- og landsplan vil mange også utanfor Sørlandet framleis hugse han. Skomedal var ein stor humorist og humørspreiar som likte å fortelje gode historier. Han sette også pris på å høyre andre fortelje historier og skrøner. Historiene fortalte han i venelag og når han stelte tennene til folk. Sitat etter bygdeoriginalar stod høgt i kurs hos han. Sjølv kunne han le godt av bygdeoriginalar som han kjente frå oppveksten eller hadde møtt seinare i livet, hovudsakleg i Setesdal, men også andre stader i landet.

Skomedal var fødd og voks opp i Åraksbø i Bygland på gardsbruket Stoplestog som ligg like attmed kyrkja med fagert utsyn  over Åraksfjorden. Åraksbø er ei vakker grend på austsida av fjorden, på vestsida av fjorden ligg Skomedal, der Gunstein hadde namnet sitt frå. Gunstein var heile livet glad i og sterkt knytta til heimstaden sin. I Åraksbø fekk han seg hytte og eit stykke innpå austheia fekk han bygd ikkje mindre enn to hytter ved Grundevatn. Han var naturelskar og likte å fiske i Grundevatn. Noko av det fyrste han gjorde når han kom til heis, var å sette opp ein skyteblink, for heilt frå tenåra var det gildaste han visste å skyte på blink. Det begynte han med då han var elev ved Hornnes Landsgymnas.

Skulegong og utdanning

Etter folkeskulen gjekk Gunstein ein vinter ved folkehøgskulen på Birkeland. Så begynte han på Hornnes Landsgymnas. Der tok han eksamen artium i 1928. Særleg mora ynskte at han skulle studere. Og han bestemte seg for å verte tannlege. Tannlegestudiet var den gongen berre to år. I 1930 var han ferdig tannlege. Byglandsfjord var fyrste staden han praktiserte som tannlege. Men Evje sentrum var i vekst, og han flytta tannlegekontoret dit. Elles praktiserte han i mange år som tannlege nokre veker kvart år heilt til Bykle. På Evje hadde han ei tid kontor i huset til drosjesjåfør Wiberg før han saman med far sin kjøpte huset Holt midt i Evje sentrum. Her budde Gunstein med huslyden i andre høgda. I 1935 var han blitt gift med Randi Salvesen frå Flosta. Saman fekk dei fire born. I første høgda hadde han tannlegekontora.

Gunnstein Skomedal – yngre år (Privat bilete)

Original tannlege

Frå barneåra hugsar eg godt når me skuleungane frå Flatebygd skulle til tannlege Skomedal på Evje. Me skalv mest i buksene når me fylgde bussen til Evje sentrum og gjekk inn på tannlegekontoret. Fyrst kom me inn i venteromet, så kom tannteknikkar Anny Galteland og førte oss vidare gjennom reservekontoret  og inn til hovudkontoret. Der stod den skumle boremaskinen som me var så redde for. Innafor hovudkontoret var laboratoriet. Der dreiv tannlegen og tannteknikaren å laga gebiss, protesar og andre ting. Eg ser framleis tannlegekontoret for meg.

– Den som kunne ha sloppe unna stell av tennene! Men til tannelegen måtte me. Dette var før fluoren si tid, så det var ofte mange hol i tennene. Var hola for djupe, måtte tannlegen berre trekke ut tanna. Det var me livredde for. For det meste gjorde det skræmande vondt, sjølv om tanna vart bedøvd. Boring i tennene var også smertefullt. Me skal hugse at på 1950-talet hadde ein slett ikkje så avansert boreutstyr som i dag. Og korleis må det ikkje ha vore tidlegare? Det er det mest ikkje til å tenkje på!!  

Nokre stubbar om Skomedal

Me tykte Skomedal var hardhendt. Truleg var han nøydd til det med det utstyret han hadde til rådvelde. Eg har høyrt mange seie at andre tannlegar meinte han gjorde godt arbeid. Men det vil det sjølvsagt vere delte meiningar om. Nokre episodar må eg take med etter Skomedal: Ein gjeng frå Øvre Setesdal kom til Skomedal utan å ha tinga time. Då sa han: «Den som kan fortelje den beste skrøna, skal kome først i stolen.» Ein annan gong hadde han fått i stolen ei kjerring som huva og bar seg ende over. Då sa han: «No skal ho (tanna) ut om ho er nykka i foi (baken)!»

Lærar Jens Birger Aas som ikkje var så lite saman med Skomedal på skyteøvingar og skytestemne, fortalde at han ein gong skulle møte i tannlegestolen klokka sju om morgonen. Men sidan både Gunstein og Jens Birger var «hekte på skyting», vart dei sitjande og prate saman. Tida gjekk, timen var over, og Gunstein skreiv berre ut ein ny time til Jens Birger. Jens Birger fortalde også at ein gong fekk ei lita jente auge på Skomedal som kom gåande frå ungdomsskulen bort mot barneskulen i den kvite tannlegefrakka. Då ho fekk auge på Skomedal, sette ho i å gaule av redsel og sprang beint på gjerde rundt skulen. Ho hadde sjølvsagt traumatisk minne etter eit besøk i tannlegestolen.

Skomedal og Kjell Kristian Rike var gode vener og spela mykje bridge saman. Ein dag Skomedal kom og skulle spele, kommenterte dei andre at han hadde gløymt å lukke smekken. Då sa han: «Når ein vert gåmål (gamal), gløymer ein å trekke opp, men når ein vert retteleg gåmål, gløymer ein å trekke ned.» Skomedal heldt fast på dalemålet heile livet.

Det var Sørlandsmeisterskap i skyting på Evje. På denne tida var Skomedal leiar av Evje Skyttarlag. Det kom masse folk og det var ikkje fritt for at Skomedal vart stressa. Brått ringde telefonen. Ein kar tok telefonen, og etter kort tid ropte mannen til Skomedal: «Du må kome i telefonen!» «Ko er det no?» ropte Skomedal temmeleg irritert! Mannen svara: «Det er soknepresten. Han vil du skal stoppe skytinga til messa er over!» Dette var sjølvsagt ein spøk. Men Skomedal som var stressa, heldt mest på å lette! 

Stor interesse i skyting

Skyting var mest ein livsstil for Skomedal. Som tidlegare nemnt, interesserte han seg for skyting alt då han gjekk på Hornnes Landsgymnas, og denne interessa vart berre sterkare etter kvart som åra gjekk. Han var aktiv med i konkurranseskyting etter 1945 og til midt på 1970-talet. I Evje skyttarlag var også Gunstein sin nabo, Tarald Flottorp med. Dei to var mest for eit radarpar å rekne. Når dei skulle ut på skyttartevlingar, var som regel Skomedal sjåfør med Tarald Flottorp ved sida framme i bilen. I fleire år hadde dei med på forskjellige tevlingar to storskyttarar, nemleg  Trygve Kjetså og Kjell Kristian Rike. Dei var begge i mange år med i Evje Skyttarlag. Kjell Kristian Rike flytte til Oslo etter nokre år. Me hugsar han som ein svært dyktig radiorepportar under mange store sportskonkurransar. Evje Skyttarlag vart fusjonert med Hornnes Skyttarlag i 2002. Men då var både Skomedal og Flottorp borte. Både Kjetså og Rike vart skyttarprinsar. Trygve Kjetså døydde i ei tragisk ulukke inne ved Bertesknapen i Flatebygd i 1992. Kjell Kristian Rike gjekk bort i 2008.

Ein dag sat Jens Birger i tannlegestolen og venta på Skomedal som ikkje kom.  Jens Birger kikka ut gjennom glaset og på tunet fekk han då sjå Skomedal og Tarald Flottorp som låg og sikta på blinken. Og tannteknikkar Anny Galteland minnest godt at han skaut med salong frå reservekontoret gjennom dei opne dørene til hovudkontoret og inn i laboratoriet der ho sat og ordna gebissa. I laboratoriet hadde han sett opp blink.

Evje Skyttarlag  

Gunstein Skomedal var svært aktiv i Evje Skyttarlag. Frå 1954 til 1967 var han formann i laget. Og i alle fall i nyare tid har skyttarlaget hatt faste øvingskveldar ein gong i veka. Gunstein møtte trufast fram på øvingane. Skyttarlaget på Evje var heldige med det at dei ikkje trong lage ein eigen skytebane. Heile tida har dei brukt skytefelta  på Evjemoen. Det er også ein viktig grunn til at Feltskyttarstemnet 1989, som er ein del av Landsskyttarstemnet og Landsskyttarstemnet i 1999 og 2009 vart lagt til Evje. Dette stemnet har kvar gong vore ei verkeleg storhending i Evje og Hornnes kommune med tusenvis av menneske til stades! I år, 2019, er Landsskyttarstemnet igjen lagt til Evje. Folk har store forventningar til at Landskyttarstemnet også i år skal verte vellukka!  

Medlem i Evje Skyttarlag etter premieutdeling. Frå venstre Bjarne Nilsen, Gunstein Skomedal og Gerhard Haukom. (Privat bilete)

Skomedal vann Norma-pokalen

Noko yngre enn Gunstein Skomedal var storskyttarane Trygve Kjetså og Kjell Kristian Rike.  År etter år var dei to sistnemnde mellom storskyttarane på Landsskyttarstemnet, dei vart begge jamvel skyttarprinsar. Og Kjell Kristian vart også Norgesmeister i feltskyting i 1974. Og Sørlandsmeistrar var dei begge fleire gonger. Eg trur ikkje eg gjer Skomedal urett om eg skriv at han var sånn «midt på treet» når ein ser på resultata han oppnådde i forskjellige konkurransar.

Eit avisutklipp frå 1967 fortel at han under landsdelsmeisterskapet i skyting på Grotjønn i Kristiansand vann Norma – pokalen. Eg siterer avisutklippet frå landsskyttarstemnet: «Populær seier til Evje-skytter. Foran mesterskapsomgangen ledet Gunstein Skomedal, Evje, i kampen pm Norma-pokalen som går til beste skytteren på landsskytterstevnet over 55 år. Han hadde 131 poeng i klasseskyting og 93 poeng på grunnlaget – tilsammen 224 poeng. Samme poengsum hadde også Jens Fredbo, Grue, dobbeltkonge fra 1948 til 1949.

Ved anvisningen fikk Fredbo en helt mislykket serie, mens Skomedals skive viste 3  9-ere og 7  10-ere – til sammen 321 poeng, og det var det ingen som kunne true. Det er ny rekord i denne skytingen. Dessuten kvalifiserte det ham til 32. plassen av de ca. 2000 deltakerne.

Skomedal sikret seg dermed det flotte trofeet til odel og eie. Som man kanskje vil huske var ikke Skomedal snauere enn at han dro av gårde med den lille Norma-pokalen på landsdelsstevnet for fire uker siden. Skomedal som er 60 år var selvfølgelig storfornøyd. – Pokalen skal fylles med champagne når eg kjem heim.»   

Skomedal heidra under det 25. Myrkongestemnet på Evje  i 1980

Journalist Paul Mjaaland frå Mykland, som mange hugsar som ein dyktig skyttar, har i eit avisintervju med Skomedal i 1980 fortalt om då Skomedal vart heidra på Myrkongestemnet i 1980. Eg siterer intervjuet Mjaaland hadde med Skomedal i den samanheng:

« – Da jeg før i tiden tenkte meg en tur til byen, endte jeg som regel på skytebanen. Når jeg i dag tenker på å ta fatt i børsa for å skyte noen skudd, blir det som regel en tur til byene i stedet, uttalte «Myrkongestemnas far», Gunstein Skomedal da han overvar premieutdelingen på det 25. Myrkongestevnet på Evje Palmesøndag. Helt siden 1956 har skyttere fra hele Sør-Norge vært med og kjempet om «Myrkonge-pokalen», og bortsett fra de siste fire-fem årene har Evje-tannlegen vært i ilden både på standplass – og ikke minst i arrangementsstaben. Sammen med Tarald Flottorp og Trygve Kjetså fikk han i stand et feltstevne som den dag i dag skiller seg ut fra de vanlige feltskytingene. Her var det oppdukkermål og forsvinningsblinker og mye annet. Og det har i alle disse årene sett ut til at skytterne setter pris på opplegget.


Gunstein Skomedal, Åge Birketvedt, Rollef Krabberød og Tarald Flottorp (Privat bilete)

På årets jubileumsstevne var det 428 skyttere, mens det i fjor var rekorddeltagelse med 495 skyttere. Så om ideskaperen ikke har samme interesse som før, så har i hvert fall skytterne beholdt den.

– Hvorfor fikk så feltskytingen på Evje dette merkelige navnet?

– Egentlig stammer ikke navnet fra Evje i hele tatt. Under samlagsstevnet i baneskyting i Vennesla i midten av femtiårene vant lagets formann Bjarne Nilsen «stuper`n». Denne skytingen gikk for seg på ei blaut myr, og en av de andre skytterne som var tilstede slang på ham tittelen «Myrkonge» etter seieren. Dette må en av oss ha snappet opp, for det kom i hvert fall igjen da vi fant på å arrangere dette feltstevnet et par år senere. Så «Myrkongen» ble faktisk født i Vennesla, fortalte Skomedal.

«Myrkongestevnet» eller «Myrkongestemna»  – som skytingen ble kalt de første årene, har forandret seg lite i de 25 årene den har blitt arrangert. De to-tre første årene ble Myrkongepokalen delt ut til vinneren av felthurtigskytingen på sommerstevnet på Evje, men så kom en i gang med eget feltstevne og Palmesøndag ble etter hvert den dagen da skytterne skulle til Evje for å forsøke å bli «Myrkonge». Og deltagelsen i Myrkongestevnet har etter hvert fått et så tradisjonelt preg over seg, at til og med de som skal på påskeferie, legger turen om Evje for å delta. Det spørs om Skomedal, Flottorp eller Kjetså virkelig er klar over hvilken ide de klekte ut ben gang for 25 år siden.» Så langt Paul Mjaaland om Myrkongestemnet.

Antagelig tatt etter feltstemne. Tarald Flottorp, ukjend og Gunstein Skomedal. (Privat bilete)

Og Landsskyttarstemnet som etter 1999 er blitt arrangert kvart tiande år på Evje, set sjølvsagt ein ekstra spiss på skyttarmiljøet og heile bygdelivet. Mot slutten av juli i år tek det til å vrimle av folk i Evje som anten skal vere deltakarar eller publikum på det største arrangementet her i distriktet.

                                                                                                            Erik Kjebekk

Gunstein Skomedal – minnemedalje til Landsskytterstemna 2019