Det er kort veg mellom skyttercamp på Evjemoen og arena i skytefeltet. Det vil gå skyttelbuss frå camp til arena heile dagen frå fredagen kl 08:00 til 20.00. Bussene vil gå med 15 minutters mellomrom og vil dere den korteste og enklaste vegen å kome seg ut til skytebanen på. Skyttelbussen vil deretter gå via Evje sentrum og ned til skyttercamp igjen. Bussen vil sjølvsagt stoppe i sentrum slik at du kan få handla med deg det du måtte trenge på campingplassen. Dette vil dere ei grei å lite stressende måte å kome seg fram på.

Det er sjølvsagt og mogleg å køyre eige bil ut i feltet, men dette er ikkje å tilrå då det fort vert fullt på parkeringsplass og vegen fram til standplass fort kan bli lang.

Dersom du av helsemessige årsaker er avhengig av bil ute ved arena vil me tilrå at du straks etter adkomst tek kontakt med «klagemuren» og får tildelt eit parkeringskort. For å få dette ordna på ein rask og smidig måte vil me tilrå at du tek med deg papir som stadfester behovet.

Skyttelbusser er sponsa av Evje- handel og serviceforening og er difor gratis!

Køyrerute for skyttelbuss (4 gonger i timen mellom 08:00 – 20:00).

Bussruter

Her har dere rutetabellen for Evje-Kristiansand-Åseral-Arendal.